Intercollegas.no er et arkiv som ikke lenger oppdateres. Du finner oppdatert informasjon om Presteforeningen på prest.no

Når: 25.3.2015
Hvor: Foredrag og artikler, IC
Med: Ingen kommentarer »

Prestar si rolle i den lokale kyrkja

Prestar si rolle i den lokale kyrkja

Ålmene og pastorale leiarteoriar

Inter Collegas 2 2015

Av Gunnar Mindestrømmen, leiar i Presteforeningen h.v.

Korleis skal vi forstå presten si rolle i kyrkja? Svaret er avgjerande for korleis kyrkja skal organiserast i framtida. Då kyrkjelova vart til tidleg på 90-talet var det så opplagt og innlysande at ingen hadde trong for å skrive inn noko som helst om presten si rolle i den kyrkjelova vi har i dag.  Prestar si rolle kvilte på ein mange hundre år lang tradisjon som det var semje om både hos medlemmene i kyrkja og i dei aller fleste kyrkjelege organ. Utviklinga etter 1997 har likevel aktualisert dette på ein heilt annan måte enn tidlegare. Svært mykje i kyrkja er i forandring og det blir tydelegare at vi no treng ein grunnleggjande avklaring av kva rolle prestar skal ha i den lokale kyrkja.  Denne avklaringa avgjer korleis kyrkja kan organiserast på beste måte for framtida. Her er ”pastoralt leiarskap” eit nøkkelomgrep. Korleis kan vi bestemme innhaldet i dette omgrepet? I den følgjande artikkelen freistar eg å vise relasjonen mellom ålmenne leiaromgrep og nøkkelomgrep som er nytta om pastoralt leiarskap.

Kva er pastoralt leiarskap?

Eit mangfaldig omgrep

Det blir nytta fleire ulike uttrykk for å skildre pastoralt leiarskap. Det pastorale er knytt opp til formuleringane i ordinasjonsritualet der det heiter: Ver hyrdingar for Guds hjord ( 1. Pet.5,2).

Uttrykket ” pastoral leiarrolle” dukkar ofte opp i kyrkjelege debattar om organisering. Omgrepet blir nytta svært ulikt. Ei tilnærming er at presten ikkje har noko leiarrolle i det heile, men er å forstå som ein tenesteprodusent . Ei motsett tilnærming er at berre  presten sine meiningar tel i kyrkjelyden. Denne spenninga har historiske forklaringar. Prestar var i mange hundre år kongen sin viktigaste representant i lokalsamfunnet. I dag er det mange faggrupper og mange leiarar i den lokale kyrkjelyden. Frå å vere den eine som representerte kyrkja, er no presten ein mellom mange andre.

For å drøfte omgrepet pastoralt leiarskap må ein avklare korleis ein skal forstå kyrkja som organisasjon. Marit Halvorsen Hougsnes tar i sin artikkel ”Kirkesyn og kirkeledelse” (Hougsnes, 2004 nr 2) eit oppgjer med ei forståing av kyrkja som to røyndomar, ein åndelege og ein organisatorisk. Ho hevdar at ei slik tilnærming skapar ein teologisk røyndom som på ein særleg måte legitimerer presten si rolle. Ein pastoral leiar vert noko anna enn ein leiar i organisatorisk forstand. Hougsnes hevdar at kyrkja berre er ein organisatorisk storleik. Kyrkja må bli forstått som andre organisasjonar. Kyrkja er, etter hennar oppfatning, ein menneskeleg organisasjon som må leiast etter ålmenne organisatoriske omgrep.

Dette tek oss vidare til ei svært nærliggjande problemstilling,  tilhøvet mellom lekfolk og prestar i kyrkja. Timothy J. Wengert viser i si framstilling at ordskiftet har vore der heilt frå Luther sitt Skrift til den Kristne Adel i 1520: ”For alt som har krøpet ut av dåpen, kan rose seg av allerede å være viet til prest, biskop og pave” (Rasmussen, 1979, p. 14 (Bind II).  Wengert viser at Luther ville ta eit oppgjer med stendertankegangen i middelalderen og avskaffe skilnaden i stand mellom prestar og andre. Samstundes viser Wengert at Luther ser prestar si teneste som ei særskild teneste med ordet og sakramenta, ei teneste som er annleis enn andre tenester i kyrkja (Wengert, 1989, p. 27). Men Luther er oppteken av at fellesskapet skal velja ut den som skal ha tenesta med ord og sakrament.

Dette samsvarar godt med den forståing av prestetenesta som kjem til uttrykk i utgreiinga Myndighetsrelasjoner i Den Norske Kyrkje:

Det er en klar sammenheng mellom det oppdrag som hele menigheten har og den fullmakt og myndighet som blir tillagt embetet. Menighetens ansvar utmyntes gjennom de organer som springer frem av kirkelige valg, og i disse organer har det geistlige embetet en prinsipielt begrunnet plass, slik at myndighetsutøvelse og styringsfunksjoner alltid skjer i et samvirke mellom valgte rådsmedlemmer og representanter for det kirkelige embetet. (Kirkerådet, 2001, p. 25).

Her viser ein til dømes til Confessio Augustana (CA) artikkel fem om tenesta med ord og sakrament. Vår  kyrkjestruktur byggjer på at heile kyrkja som samla fellesskap har fått oppdraget med å bringe evangeliet vidare. Prestetenesta er ei teneste som spring ut av dette fellesskapet ved å peike ut den einskilde og gje vedkomande fullmakter på kyrkja sine vegne. Dette skjer gjennom ordinasjonen. Prestar har på sjølvstendig grunnlag og ut frå kyrkja si fullmakt eit ansvar for, saman med råd og styringsorgan, å leie kyrkja. Slik kjem det til uttrykk i tenesteordningar for kyrkjelydsprestar:

”I forvaltningen av Ord og sakrament utøver alle menighetsprester et pastoralt lederansvar og bidrar til strategisk og åndelig ledelse i og av menigheten.” (Kirkedepartementet, 1990/2012)

Kyrkja representerer eit fellesskap av menneske og ein kan nytte ålmenne kunnskapar om organisering for å utvikle dette fellesskapet vidare. Det må likevel ikkje føre til at presten si særskilte rolle blir viska ut. Denne rolla er gjeve gjennom vedkjenninga, ordinasjonen og den prinsipielle tenkinga i vår kyrkjekonstitusjon. Då vil ein, slik Wengert viser, fjerne seg frå ei luthersk forståing av presten si teneste og det karakteristiske for ei luthersk kyrkje.

Eg har vald å sjå nærare på professor Harald Askeland si vidareutvikling av omgrepsapparatet til Adizes og Mintzberg. Her blir leiarrolla skildra i eit felt mellom det interne og eksterne på den eine sida og feltet mellom oppdrag og relasjonar på den andre sida. Desse sidene er grunnleggjande felles for det å vere leiar i ein organisasjon. Ut frå dette veks det fram fire ulike leiarroller. Desse fire leiarrollene er brubyggjaren, integratoren, dirigenten og tenesteutviklaren. Desse fire leiarrollene har tilhøyrande verdisett: Brubyggjaren har tillit som sin sentrale verdi, slik integratoren har samhandling, dirigenten identitet og tenesteutviklaren misjon som sine respektive verdiar.

Figur 1 (Askeland, Reforming the pastoral leadership structure in The Church of Norway, 2015, p. 7).

Denne modellen har blitt utvikla i ein diakonal setting. (Angell, 2014). Sjølv om det er mykje likt i diakonen og presten si rolle, vil eg utvikle modellen noko vidare med tanke på prestar si pastorale leiarrolle.

For å skildre innhaldet i pastoralt leiarskap må vi finne ein kombinasjon av fleire ulike element. Ålmenne leiaromgrep og dei pastorale dimensjonane må klinge saman for å skape ein forståingshorisont.

Ein freistnad på definisjon

Eg vel her sjå nærare på fem mulige dimensjonar ved  pastoral leiing: presten som visjonsberar  (Lerø, 2013), presten som åndeleg leiar og symbolleiar (Lathrop, 2006), presten som vegleiar i heilagsson. (Josuttis, 1996), presten som livstolkar (McGrath, 2002), og presten som meister (craftmanship)(Saxegaard 2008).

Eg meiner det er mogeleg å sjå ein samanheng mellom modellen til Askeland og dei ulike dimensjonane ved pastoralt leiarskap. Bindeleddet blir verdiane som i følgje Askeland pregar dei ulike dimensjonane. Eg tar utgangspunkt i Askeland sine fire typologiar og ser dei i relasjon til dei fem uttrykka eg har valt for pastoralt leiarskap. Eg vel då ei innhaldsvurdering og freistar å sjå kva som ligg bak dei ulike dimensjonane for å leite etter kvar dei naturleg vil høyre heime i Askeland sitt skjema. I det følgjande skal eg prøve å vise samanhengen mellom dei ulike omgrepa.

Tenesteutviklaren

Tenesteutviklaren blir til mellom dei eksterne relasjonane og det oppdraget organisasjonen har. I vår samanheng er det kyrkja som er organisasjonen. Det som kjenneteiknar kyrkja sitt oppdrag er misjonsbodet (Matt 28,18-20) Dette perspektivet  har som sentral oppgåve å halde oppe visjonen om å nå alle menneske med evangeliet. Det er difor ein nær samanheng mellom det å vere tenesteutviklar (Askeland) og det å vere visjonsberar når ein skal fylle ei pastoral leiarrolle.

Brubyggjaren

Brubyggjaren verkar i feltet mellom eksterne aktørar og dei relasjonar som organisasjonen skal utvikle. På mange måtar er prestetenesta og heile kyrkja sitt arbeid grunnleggjande sett å utvikle relasjonar til andre eksterne aktørar i lokalsamfunnet og storsamfunnet. Askeland held fram brubyggjarperspektivet som det viktigaste perspektivet. Føresetnaden for å kunne byggje bru er at dei som ein vil byggje gode relasjonar til har tillit til kyrkja. Når ein så skal prøve å konkretisere nærare kva dette vil innebere er dei pastorale leiarperspektiva nyttige.  Ser ein på presterolla som ein som skal vegleie inn i møtet med det heilage eller hjelpe den enkelte til å tolke si eiga livsforteljing er tillit også ein grunnleggjande føresetnad.

Integratoren

Integratoren si rolle blir til mellom det å ha fokus på relasjonar og samstundes ha eit internt perspektiv på utvikling av organisasjonen. Integratoren sine grunnleggjande verdiar er å etablere samhandling internt i organisasjonen og på det viset byggje sterkare relasjonar. Samhandling blir til når nokon går inn i og hjelper alle aktørar i organisasjonen med å integrere verdiar og identitet i dei interne relasjonane i organisasjonen. Her blir den pastorale leiarrolla som symbolberar for heile organisasjonen viktig. Gjennom å tre tydeleg fram som symbolleiar kan presten gjennom sitt føredøme og gjennom si samlande rolle bidra til å skape ein god integrasjon mellom det interne perspektivet i kyrkja og dei relasjonane vi står i. Måten Jesus stod fram på, og ikkje minst  måten han utvikla relasjonane til  læresveinane, er eit godt døme på dette.

Dirigenten

Rolla som dirigent veks fram i feltet mellom det interne perspektivet og det oppdraget organisasjonen har. I følgje Askeland er verdien identitet her viktig, det vil seie evna til å identifisere seg med organisasjonen sitt oppdrag. Når eg i denne samanhengen viser samanhengen mellom dirigentrolla og omgrepet ”crafting” (jf. Saxegaard,) så er det fordi ”crafting” viser til handverksmeisteren si evne til å instruere og vise lærlingen korleis ein skal utvikle handverket sitt. Handverksmeisteren får her ei rolle som instruktør og dirigent overfor lærlingen. Samstundes er eit grunnleggjande trekk for handverksmeisteren å kunne veksle mellom små detaljar og det store biletet. Dette er også det avgjerande viktige for ein dirigent. Dirigenten må samstundes ha syn for detaljar og verket som heilskap som skal formidlast. I ein pastoral samanheng kjem dette til uttrykk når presten på den eine sida skal kunne ha detaljkunnskap om liturgi og bibeltekstar eller dogmatiske spørsmål og på den andre sida sjå den lokale kyrkja sitt arbeid som ein den av det store økumeniske kyrkjerøyndomen.

Oppsummert kan det framstillast slik:

Ålmenne leiaromgrep (Askeland) Verdiomgrep (Askeland) Pastoralt leiaromgrep
Tenesteutviklar Misjon Visjonsberar
Brubyggjar Tillit Vegleiar i heilagsona (Josutti) og livstolkar (Mc Grath)
Integrator Samhandling Symbolleiar
Dirigent Identitet Crafting

 

Leiarskap i praksis

I tida framover må vi prestar verte meir medvitne om den pastorale leiarrolla. Eg trur tida er inne for å gå aktivt  inn i denne rolla og utvikla den. Rolla vert prega av kva slag kyrkjelyd vi gjer teneste i og kva som er våre sterke og svake sider.  Prestar må heile tida samarbeide med andre personar som også har leiaransvar i kyrkjelyden. Her er det viktig å skilje mellom omgrepa management (styring) og leiing. Eg har sjølv hatt stort utbyte av å studere Ole Frogh Kirkeby si leiarfilosofiske tilnærming. Han skil i si bok  Ledelsesfilosofi, et radikalt normativt perspektiv (Kirkeby, 1999)  tydeleg mellom management og leiing.

Management er ein asymmetrisk relasjon styrt av over- og underordning. Det er klåre arbeidsoppgåver og tydelege ansvarsliner. Han definerer leiing som ein symmetrisk relasjon som legg vekt på jamvekt og likskap mellom den som leier og dei som blir leia. Denne måten å nærme seg leiarspørsmålet på vil truleg høve mykje betre enn management i ein kyrkjeleg kontekst. Leiing høver godt i ein kunnskapsorganisasjon som kyrkja.

Å vere pastoral leiar er difor å leie i Kirkeby si meining. Det handlar mykje om å påverke prosessar, gå inn i roller og gjennom forkynninga vise veg vidare for kyrkjelyden. Når prestar møter i soknerådet, står på preikestolen eller er med på stabsmøta kan prestar påverke og teikne opp visjonen for arbeidet i kyrkjelyden. Då er presten tydeleg visjonsberar. Den djupaste visjonen kyrkja har er misjonsbodet. Gjennom å medverke til å utvikle gode tenester held prestar fram at målet med alt vi gjer er å nå menneske med evangeliet.

Når menneske kjem til kyrkja, i sorg eller i glede, kan prestar vegleie dei inn i møtet med det heilage. Dette gjer vi heile tida i sørgjesamtalar og vigselsamtalar. Slik kan vi og vegleie  soknerådet, friviljuge og tilsette gjennom samtalar om det heilage i trua vår og i gudstenesterommet. Føresetnaden for å kunne vere i ei slik vegleiarsone er at vi har etablert tillit mellom oss og dei vi skal leie. Dei må tru at vi kan hjelpe dei vidare. Då kan vi også vere brubyggjarar mellom dei heilage handlingane og det heilage rommet på den eine sida og kvardagens liv og utfordrande livserfaringar på den andre sida. Som prestar representerer vi det heilage. Å vere synleg i lokalmiljøet som prestar er difor også ei viktig pastoral leiaroppgåve. Presten som sit saman med folk ein kveld i hyggeleg samtale  byggjar også bru, etablerer tillit og skaper rom for samtalen om det heilage.

Når vi kler oss i prestekjolen og står fram for kyrkjelyden er vi tydelege symbolleiarar. Framfor altaret, i dåp og nattverd, utfører vi sterke symbolhandlingar. Gjennom desse heilage handlingane er målet å få til ei samhandling med andre medverkande, men og ei samhandling med brudepar, sørgjande og dåpsfamiliar. Når handlingane går over frå å vere mekaniske hendingar til å bli uttrykk for eksistensielle livsriter har presten makta å integrere det levde livet med dei symboltunge handlingane. Når presten maktar å forrette gudstenesta på ein slik måte at liturgien lever skjer samhandling og integrasjon.

Kvardagen til prestar er ei stadig veksling mellom små detaljar og dei store linene i arbeidet. Nokre gongar må vi bere stolar, dele ut salmebøker, hente utstyr til konfirmantundervisinga eller vere med på å rydde. Stundom sit vi med teksthandsamaren og finpussar på programmet til gudstenesta. Samstundes skal preika førebuast, den store samanhengen vi er i med skal gjerast tydeleg. Denne vekslinga mellom detaljar og dei store linene er ein type pastoral leiarrolle som er omfamna i omgrepet ”crafting”. Det å vise tenarsinn i dei små oppgåvene, det å vere deltakande på line med dei andre er med på å byggje identitet. Dette inneber også at ein stundom går inn i ei dirigentrolle i høve til det å fordele arbeidet slik at oppgåvene blir gjort.

Denne gjennomgangen for å vise samanhengen mellom pastoralt leiarskap og den praktiske prestekvardagen er ikkje på nokon måte utfyllande. Men ut frå konkretiseringa vonar eg at ein kan få nye tankar og refleksjonar og eit større medvit om dei ulike leiarrollene som vi som prestar faktisk er i. Kanskje denne freistnaden på å byggje bru mellom ålmenne leiaromgrep og pastorale omgrep kan bringe oss vidare i retning av å ta vår pastorale leiarrolle på meir på alvor og vere gode leiarar i kyrkja vår.

Bibliografi

Angell, O. H. (2014). Leiarar og leiarroller i de norsske kyrkja på lokalplan. Nordiske organisasjonsstudier .

Askeland, H. (2014 йил 14-juni). Leiing av kompetanseorganisasjon. Helsingfors, Finland.

Askeland, H. (2015). Reforming the pastoral leadership structure in The Church of Norway.

Caprona, Y. D. (2013). Norsk Etymologisk ordbok. Oslo: Kagge Forlag.

Hougsnes, M. H. (2004 nr 2). Kirkesyn og kirkeledelse. Halvårsskrift for praktisk teologi , 15-25.

Josuttis, M. (1996). Die Einfürung in das Leben (2.Auflage i neuer Ausstattung 2004. utg.). Güthersloh, Tyskland: Gütersloher Verlaghaus GmbH.

Kirkeby, O. F. (1999). Ledelsesfilosofi, et radikalt normativt perspektiv. Aalborg: Aalborg uNIVERSTY Press/ CBS Press.

Kirkedepartementet. (1990/2012). Tjenesteordning for menighetsprester. Kirkedepartementet.

Kirkens arbeidsgiverorganisasjon. (2008). Fremtidig organisering av arbeidsgiveransvaret i Den norske kirke. Oslo: KA Kirkens arbeidsgiverorganisasjon.

Kirkerådet. (2001). Myndighetsrelasjoner i Den Norske Kirke. Oslo: Kirkerådet.

Lathrop, G. W. (2006). The Pastor a sprituality. Minneapolis, USA: Fortress Press.

Lerø, M. (2013). Prosten som leiar. Møte for tillitsvalde for prostar 27-08-2013. Presteforeningen.

McGrath, A. (2002). The future of Christianity. 02148, Malden, Massachusetts: Blackwell Publishers Ltd.

Nyback, U. L. (2014 йил 13-Juni). Pastoral Leiing i Finsk konktekst. Kirkans utbildningssenter, Jârvenpâa., Finland.

Presteforeningen. (2011). Ledelse i Folkekirken. Pslo: Presteforeningens studiebibliotek nr 49.

Rasmussen, I. L. (1979). Martin Luther: Verker i utval bind I-VI. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Saxegaard, F. Presten som symboliserende, strategisk og samhandlende leder. Luthersk Kirketidende , 2008, 17-.

Wengert, T. J. (1989). Priesthood Pastors, Bishops. In T. J. Wengert, Priesthood, Pastors, Bishops Public Ministry for the Reformation and Today (pp. 1-32). Minneapolis: Fortress Press.

Skriv inn en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Om oss & kontakt

Presteforeningen

Gateadresse:
Rådhusgata 1-3

Postadresse:
Postboks 437 Sentrum
0103 Oslo

  Telefon: 23081600
Prest.no

Inter Collegas er Presteforeningens medlemsblad.
InterCollegas.no finner du artikler fra bladet samt andre aktuelle oppslag.
Vår hovednettside finner du på Prest.no.

InterCollegas.no bruker såkalte cookies eller informasjonskapsler, som er tekstfiler plasseres på din datamaskin. Dette gjøres for å hjelpe nettstedet å analysere hvordan brukerne anvender seg av nettstedet. Du kan avvise bruken av cookies på din maskin ved å justere de nødvendige innstillingene på nettleseren din. Vær imidlertid oppmerksom på at om du gjør dette vil du kanskje ikke være i stand til å benytte nettstedets funksjonalitet i sin helhet.

  • follow